+47 4000 1701

Skakkeaure oppskoren, konjakkmarinert og einerrøykt: 500g

Varekode: 5037544_skakke

Tilgjengelighet: På lager

Skakkelaks
Logg inn for pris

Detaljer

Skakkelaks steg for steg: Råvarene til Skakkelaksen kjem frå Bømlafjorden, er slakta på Bremnes Seashore, som er kjent for høg kvalitet og gode råvarer. Bremnes Seashore foredlar óg Salmalaks. Det er same råvarene Skakkelaks blir laga av. Kvar lakseside som skal bli til Skakkelaks blir massert for hand med Erling Skakkekonjakk, salt og sukker. Den blir liggande i marinaden i ca. 48 timar i ein bestemt temperatur. Etter marineringsprosessen blir den skylt og tørka, før den blir plassert på rister og sett til tørking. Når den er ferdig tørka, blir Skakkelaksen lettrøykt i oreved, fersk einer og bøkespon nokre timar, før den igjen blir sett til kvile og tørking. Etter ca. eit døgn blir den på ny røykt litt med kun fersk einer, og deretter tørka og modna. Før den blir pakka og er klar for butikkane. Heile prosessen er svært vêravhengig. Høgtrykk, lågtrykk, høg fuktighet, låg fuktighet, vindstille, masse vind, sommar, vinter osv. Uansett må ein følgja med og kunna snu om på tider og døgn, for å få fram det beste resultatet. Eksempelvis røyker me alltid Skakkelaksen med dei ytterste skudda på eineren. Det gir den ferskaste og beste aromaen du kan få ut av einer. Du får eit preg av vill natur og sødme i smaken.

Tilleggsinformasjon

Størrelse 500g
Opprinnelsesland Norge
Leverandør Skakke Røykeri As
Merke Skakkelaks
Oppbevaring Kjølevare
Ingredienser Norsk oppdrettsaure, salt, sukker og konjakk
Næringsinnhold per 100g/ml 227 kcal/946 kJ 14,5 gr fett, derav 2,27 gr metta fettsyrer 22.7 gr protein 1,4 gr karbohydrat, derav 0,6 gr sukker 4,40 gr salt
Allergen Fisk
Informasjonen er levert av leverandør, produsent eller grossist - det tas forbehold om avvik.